RAPPORT FRÅ TORSBY

2011-09-18 10.48.13

Denne veka har Team Synnfjell vore samla for nest siste gong før det brakar laus på Beitostølen. Samlinga var lagt til Torsby der dei har den noko sære kombinasjonen; tunell med snø.
Treningsveka har hatt hovudfokus på høgintensitet på barmark med ein sprint klassisk og ein 10km distanse, løp med stavar i tillegg til mengdetrening og teknisk fokus på ski.Teamet har jobba særs fokusert og vore målbevisste og konsentrerte i den tekniske jobben, samt offensive på høgintensitetsøktene. Alle har fått gjort mykje bra grunnarbeid i haust og me jobber nå med å få overførtkapasiteten til snø og ski.
Gutane har vore flinke til å jobbe saman og viser ein god forståelse av kva det vil seie å vera eit «team». Samarbeid på økter, klapp på skuldra etter
god innsats, hard intern kappestrid og godt humør kjenneteikner treningskvardagen vår!Det er slik me ønsker å ha det. Det er slik me trur på at me utvikler oss mest!
Det har også vore kjekt å få innlemma langløpsgjengen med Tone Sundvor og ikkje minst den rutinerte Geir Ludvig Aasen-Ouren til teamet frå torsdag av. Dei tilfører mykje til gruppa og me håper dei også har hatt eit godt utbytte, sjølv om oppholdet vart noko kortare. Geir Ludvigs erfaring og historier rundt middagsbordet er viktige bidrag til eit ungt lag på veg oppover, så takk for det!
Ellers ser me som alle andre fram til å prøve skia uten å vera flankert av betongvegger. Det ryktes skiføre på Lillehammer, noko me krysser fingrane for.

Me håper at alle konkurrerande Team og løparar får gode førebuingar framover, slik at alle er godt preparert til årets skisesong!
Me er godt nøgd med årets første snøsamling. Nå skal me hente oss litt inn før me går inn i ein litt annan fase i treninga, litt mindre mengde og meir fart og tempo.
Neste samling blir om 14 dagar og deretter er me igong.

Me er klare for årets fight!

Takk for samlinga gutar & Tone – ein fryd å jobbe saman!

Helsing,
Frank Heggebø
Hovedtrener, Team Synnfjell

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s