Oppsummering frå første NC på Gålå

Andrew Young

 

I helga gjekk årets første norgescuprenn av stabelen på Gålå. Etter ein bra opning på Beitostølen var me gira på å bite får oss på ein god måte også denne helga.

På fredagens sprint kvalifiserte både Andrew Young og Trygve Henden Gaasø seg til kvartfinalane. Svein Halvor Dahl og Nils Magnus Bøen Grave kapra dei noko sure plasseringane rett utanfor dei 30 beste, under 1 sekund frå kvalifiseringskravet.

Andrew gjekk vidare frå kvarten og fekk dermed sin første start i ein semifinale som senior! Trygve vart desverre slått ut, men med betydeleg mindre margin enn på Beitostølen. Til slutt plasserte desse to seg på henholdsvis 10. og 14 plass.

Lørdagens 10km friteknikk var også ein god konkurransedag for gutta på teamet. Nils Magnus vart bestemann med sin 28. plass, med Andrew og Svein Halvor på henholdsvis 34 & 35. plass. Også denne gongen litt utanfor topp 30, men kun 5% bak vinnartida til Daniel Helgestad gir gode forhåpningar om solid prestasjonsforbedring framover!

Søndag var det klart for ein god gammaldags jaktstart og me hadde store planar om å få klemt inn 3 løparar topp 30!

Desverre for gutta gjekk ikkje dette denne søndagen, men dei viste nok ein gong solid grunnform og plasserte seg som følgande: Svein Halvor 34, Nils Magnus 36 og Andrew 38. Eivind Klemoen og Runar Mathisen gjekk seg forøvrig oppover på listene på denne distansen og Runar vart rundt 20 i U-23 løpet.

Ellers kan me rapportere om eit velfungerande støtteapparat denne helga og me vil sende ein takk til Vauthi smøreservice ved Per og Toro for strålande oppfølging og hjelp!

Me er allerede igong med planarbeidet til Scancup om 14 dagar. Me er innstilt på å utvikle prestasjonane ytterlegare og tar tak i dei små detaljene me meiner er avgjerande for å klare dette. At me hadde små marginer både med og mot oss også denne helga, er slik kvardagen vår er og gir oss energi til å arbeide hardt og nøyaktig mot neste mulighet!

Nå tar me nokon velfortjente rolege dagar og gledar oss til å sjå vårt internasjonale tilskudd: Andrew Young sesongdebutere i verdenscupsirkuset på Lillehammer neste helg!

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.