Oppsummering av sesongen så langt

Team Synnfjell har denne sesongen bestått av ei prestasjonsgruppe på totalt 12 utøvarar fordelt på 9 utøvarar som satsar mot allround langrenn og 3 med fokus på langløp.

SONY DSC

Målsettingane våre er å kunne produsere løparar som kan hevde seg i nasjonale mesterskap, vera aktuelle til å gå verdenscup samt å kunne rekruttere løparar til forbundslag etter endt sesong.

For å nerme oss desse målsettingane har me lagt ned mykje trening både i volum og høgintensitet, tøffe prioriteringar både på og utanfor treningsfeltet. Det er dette me trur på, det er denne vegen me har valgt å følge som lag.

Me har gjennomført mykje tøff trening saman. Samlingane er vorte gjennomført med fokus på høgt treningsvolum, gode hardøkter, teknikkutvikling og godt samarbeid innad i laget. Samlingane er vorte lagt til Gamlestølen i Synnfjellet, Sognefjellet, Jørstadmoen, Torsby og Beitostølen.

Me har førebudd oss godt. Offensive, godt trente og motiverte til å utvikle oss mot toppen i langrennssporten.

Sesongens første del har gitt oss ein del positive tilbakemeldingar på dei områdene me har jobba mot. Første rennhelg ut var den nasjonale åpninga på Beitostølen, der mange stiller med god form og ambisjonar om å vise seg fram. Dette er også første mulighet til å bryne seg med startnummer på brystet. Konkurransen er hard med 150 startande i alt frå allround og sprint-landslag, franske og tyske landslagsløparar. I tillegg til alle hardtsatsande team i Norge. Nivået er særs høgt om dagen, noko som nok kan tilskrives den tunge satsinga frå både skiforbundets regi med regionlag, samt den store bredden i private team og sterke klubbar. Dette har dei siste åra medført ei nivåheving på treningsfronten og ikkje minst på støtteapparat og profesjonalitet.

Lørdagens 15km friteknikk gav oss eit meget solid løp av Nils Magnus Bøen Grave. Oddingen vart klokka i mål 1:05 bak vinnaren Martin Sundby, noko som gav han ein 27.plass i det sterke feltet.

3 stk vidare frå søndagens prolog (Eirik Ek Hagen, Trygve Henden Gaasø & Nils Magnus Bøen Grave) på Beitostølen viser at me kan hevde oss bra når det klaffar. Her vart teamets yngste; Eirik Ek Hagen til slutt bestemann med ein 17. plass.

Under Norgescupåpninga på Gålå var me igjen sterke på sprint. Andrew Young tok seg til semifinale, hans første som senior. Me har framleis litt å jobbe med for å hevde oss heilt i toppen på distanserenna, men Nils Magnus sin 28. plass på 10km friteknikk var godkjent. Andrew Young og Svein Halvor Dahl som bikka rett utanfor topp 30 gir også styrka håp om sterke resutlater utover vinteren!

Sesongens del 1 vart denne helga avslutta på Lillehammer med Skandinavisk cup. Svein Halvor Dahl viste fin stigning resultatmessig frå forrige sesong og følger opp den fine forvinteren med ein 34. plass. Trygve Henden Gaasø viste seg for alvor fram på sprinten med 6. beste prologtid og var uheldig som ikkje avansera til semifinalen under lørdagens konkurranse.

I tillegg til dette har Andrew Young også representert Storbritania i verdenscuprenn på Lillehammer og Davos. Siste helga i Davos vart ein fin opptur med 20.plass på friteknikk sprinten der. Etter litt marginer mot dei to foregåande WC-helgene, var dette eit godt resultat å ha med seg inn i julefeiringa.

Alt i alt er me nøgd med oppstarten. Me har fått ein fin start som gir trygghet og ro i arbeidet fram mot neste konkurranseperiode over nyttår, med NM på Røros som det store målet. Andre helga over nyttår er det også andre rennhelg i Skandinavisk cup i skimetropolen, Falun. Det blir ei helg med tøff konkurranse, der me forventer fleire verdenscupløparar til start for å teste løypene i Falun før VM i februar.

Me gledar oss til å få trent godt i juleferien og til fortsettelsen på sesongen!

Sportsleg helsing,

Frank Heggebø

Hovedtrener, Team Synnfjell

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s