Gode prestasjonar i juleferien av Team Synnfjell!

Gutta på teamet er i desse dagar heime i sine respektive heimkommunar for juleferie. Dette er eit sårt tiltrengt avbrekk for mange der dei kan besøke familiane sine, vera saman med kameratar frå heimplassen og generelt få litt roligare dagar.

Parallelt med dette har dei fleste lagt ned eit solid treningsarbeid og gått fleire skirenn rundt om i Noreg.

20131126-165450.jpg

Trygve er på veg tilbake i form i juleferien

Jula består ikkje berre av opning av pakkar, ribbe og medisterkaker. For gutane våre på Team Synnfjell betyr juleferien også skirenn og sanking av treningstimar på snø for å preparere seg til dei konkurransane som står på kalenderen over nyttår.

Trygve Henden Gaasø gjennomførte eit lovande 15km klassiskrenn i heimtraktene der han plasserte seg som nummer 2, 1:18 bak vinnar Gjøran Tefre. Dette er eit steg i rett retning på distanserenn for Trygve sine del, som havna litt bakpå frå sesongstart med litt sjukdomsplager i sesonginngongen.

På Korlevoll vart Nils Magnus Bøen Grave nummer 3 på 15km friteknikk, 23 sekund bak vinnar Vebjørn Turtveit, med Torgeir Thygesen 21 sekundar foran. Runar Mathisen enda på 6. plass 2:10 bak Turtveit. Mest gledeleg for Nils Magnus er nok ikkje berre at kroppen fungerer greit, men at han får trene mange timar med stabile snøforhold på heimebane gjennom ferien.

Eirik Ek Hagen gjekk også eit lovande distanseløp i Røldal der han enda 1:17 bak vinnar Gaute Kvåle, som vann foran eit hysterisk heimepublikum. Eirik velger også å samle sine treningstimar i fjellandsbyen Hovden gjennom romjula.

På austlandet har også Eivind Klemoen begynt å røre på seg med to gode prestasjonar i jula. Under nyttårsrennet på Beitostølen enda han på 5. plass, 1:11 bak vinnar Eivind Bakkene, kun 14 sekund bak 4. plassen til Eirik Brandsdal. Friteknikk-fellesstarten på Rognerennet vart Eivind nok ein gong nummer 5, med kun 15 sekundar opp til vinnar Anders Gløersen. Gledeleg progresjon frå Eivind som også har fått rapportert inn sine timar i vårt kjære treningsterreng i Synnfjellet.

Link til alle resultater på dei ovannevnte renn kan du finne på følgande nettstad:

http://www.langrenn.com/index.php?cat=114053

10155661_746540715426519_5399207877286487686_n

Me håper på fleire slike dagar som etter sprinten på Beito, gutta har iallefall lagt ned ein god jobb i jula!

Me vil også med dette få ønske samtlege av våre samarbeidspartnarar og følgarar eit godt nyttår!

Me gledar oss til skiåret 2015!

Helsing,

Frank Heggebø

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s