Flott 15. plass i Tour de Ski av Andrew Young!

Team Synnfjells Andrew Young avslutta idag sin tour deltakelse med ein 15. plass i sprinten i Val Müstair! Eit særs imponerande resultat og kun små marginer frå å gå vidare til ein semifinale. Andrew enda som nummer 3 i sitt kvartfinaleheat bak dagens tredjemann Martin Sundby og Emil Jönsson.

!cid_C49ACF87-BE8C-49E5-9748-882A9476C4D0Andrew Young reiser idag direkte frå eit velukka Tour de Ski til Falun, for skandinavisk cup

Touren har vore bra resultatmessig for Andrew, der han fekk ein god start under prologen. Etter eit godt disponert løp der teknikk fungerte gjennom heile løpet enda han opp med ein 44. plass. Dette er Andrews beste resultat på distanse i verdenscupen, kun 6,5 sekund frå ein plassering topp 30, ca 5% bak vinnartida til Dario Cologna.

Dette resultatet danna grunnlaget for jakstarten i Oberstdorf. Her enda Andrew som nummer 64 etter ein litt tyngre dag i dei tyske skogane.

Med dette som inngang var me spente på korleis kroppen ville reagere i mellomhøgda i Val Müstair, noko Andrew normalt trives i. Heldigvis spelte kroppen på lag og Andrew gjekk inn til 17. beste prologtid. Prologen kosta mykje og han måtte jobbe hardt med restitusjonstiltak for å kunne stå med friske bein i heata.

I Kvartfinalen gjekk Andrew nok ein gong bra og viste god evne til å tørre å ete kirsebær med dei store gutta. Flott avansement i feltet på runde to gjorde at han kunne kapre tredjeplassen i heatet og dermed gå seg opp resultatmessig frå prologen!

Me er strålande fornøyd med innsatsen Andrew har lagt ned og måten han har representert Team Synnfjell på under Tour de Ski! Med enda litt meir rutine og trening framover, skal han bli ein spennande mann å følge i verdenscupsirkuset framover!

Nå har Andrew vendt blikket mot Falun, der han saman med resten av Synnfjellgjengen skal kjempe om skandinaviske cuppoeng i februars VM-løyper. For Andrew blir dette også muligheten for å teste profilen på løypene til VM.

Me gleder oss over Andrews prestasjonar og gratulerer både han og resten av det britiske laget som har vist godt igjen på resultatlistene!

UnknownFlott innsats av Andrew i Tour de Ski

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s