Oppsummering etter skandinavisk cup i Falun

I helga vart den andre helga i den skandinaviske cupen gjennomført i årets VM-arena, Falun. Helga var ein solid opptur for Team Synnfjells mest lokale løpar – Eivind Klemoen. Hans 28. plass på 15km friteknikk og 32. plassering på søndagens duathlon stod for denne helgas gledelege opptur.

SONY DSC

Eivinds løp desse to dagane vart helgas beholdning for Team Synnfjell. Fredagens løp presterer han bedre enn nokon sinne i ein individuell start på dette nivået og plasserer seg innenfor poenggrensa i Scan-cup med 28. plass. 1:38 bak vinnar, Matti Heikkinen. Nils Magnus Bøen Grave vart nummer 37, 11 sekund opp til topp 30. Gode prestasjonar av begge i eit startfelt som inneholdt sterke verdscupnamn. Pallen vart bekledd av Matti Heikkinen, Anders Gløersen, vinnar på same distanse frå Davos før jul og Finn Haagen Krogh.

Lørdagens sprint vart ein stor skuffelse for oss. Trass i eit historiske sterkt startfelt med namn som Golberg, Brandsdal, Krogh (1,2 & 3), samt verdscupløparar som Hattestad, Fossli, Pethukov, Kriukov, Kummel og Pentsinen så har me som lag ambisjonar om å kvalifisere minst ein løpar til kvartfinalane, når det står sprint på programmet. Det klarte me ikkje på nokon måte å imøtekomme denne dagen. Andrew Young var nærast, 4,5 sekund frå kvalifiseringsgrensa. Me kan ikkje anna enn å jobbe vidare og stole på at me er bedre enn denne dagen viser. Me skal revansjere oss allerede på Røros!

På søndagen stod duathlon på programmet. Dette vart ein tøff batalje med mange rundar i Lugnet skistadion, der Eivind Klemoen nok ein gong vart teamets bestemann med sin 32. plass. Eit tøft løp der Eivind gjorde mykje jobb med å komme seg framover i feltet frå sin 85. startposisjon. Nok eit bra løp av Torpingen som har jobba godt heile hausten og endeleg ser ut til å få formkurva i rett retning!

Etter juleferien har Teamet blitt hardt ramma av sjukdom. Det var fleire som ikkje var med denne helga som me håper skal vera tilbake i full drift til NM.

Denne veka er me samla på Lillehammer for jobbe litt saman som lag etter ei tids samlingsopphold. Nokon justeringar, noko grovarbeid. Me vil stille godt førebudd til norgesmesterskapet på Røros og gledar oss til sesongens store mål!

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.