Ei oppsummering av NM del 2

Skisesongen sette ein sluttstrek med NM del to i Harstad i palmehelga. Som team reiste me oss noko prestasjonsmessig frå dei siste helgene. Nå tar me ein velfortjent kvil i påsken og brukar april til skareturar, turrenn, alternativ trening og evaluering av sesongen både individuelt og som lag.

10256805_745233548890569_5092062083819377272_n

Konkurransane som vart gjennomført denne palmehelga i Harstad var ein 10km klassisk, der det var eit stort og samla felt av både senior og junior der mange unge skiløparar fekk prøve seg mot den absolutte eliten. Vår bestemann på fredagen vart Runar Mathisen på ein 37. plass, noko som gav han 13.plass i U-23 NM. Dette er årets løp for Runar sin del, kjekt at det endeleg løsna formmessig! Nils Magnus vart nummer 44 der han valgte å stake løpet, og enda med det kun 18 sekund frå topp 30. Trygve gjekk også sitt beste distanseløp for året og havna på ein 52. plass. Pallen vart Sundby, Tønset og Andrew Musgrave som også valde å stake løpet.

På lørdagen var det klart for årets store snakkis; 50km klassisk, individuell start. Ein solid manndomsprøve dei fleste gjekk inn i med skrekkblanda fryd.

Geir Ludvig vart Teamets bestemann i dag, slitaren frå Øvrebø som gjekk sitt siste løp for karrieren avslutta med stil! Nils Magnus og Eivind gjer også solide 50km med 35 og 38 på resultatlista. Også dette ein totalt sett grei dag på distanse for teamet. Me i Team Synnfjell vil også sende ein gratulasjon til Jonas Frorud som gjekk seg inn til bronsemedalje i U-23 NM og 12. plass totalt. Han har vore med oss på ei samling i haust og har etter det stort sett trøbla med sjukdom, så det var gøy og imponerande dette comebacket. Det gjelder å ha trua og aldri gi opp! Me vil også gratulere vinnar Eirik Brandsdal, Didrik Tønseth med sølvet og ikkje minst ein gammal Synnfjell-løpar; Hans Christer Holund som tok bronsemedaljen!

cid_inlineimage0Geir Ludvig gjekk karrierens siste løp og kan sjå fram til å kvile ut i kornåkeren framover! Takk for flott bidrag!

Nå tar me ferie. Vel fortjent etter litt oppturar og nedturar og oppturar igjen gjennom sesongen. Me har lært ein del ting som skal gjere oss til sterkare og bedre skiløparar. Den prosessen gleder me oss til å ta tak i – den begynner allerede i påsken med evalueringar!

Det er også på sin plass å takke alle sponsorar som har hjulpet oss å arbeide mot våre mål, samt alle som har vore med på skirenn og støtta laget! Vil spesielt nemne; Arnstein Klemoen som arbeidande styreleiar, Henning Hagen, Rolf Bøen som har vore med på skirenn og vore til uvurderleg hjelp! Takk til Toro og Per i Vauthi-bua! Takk for hjelpa alle!

Ha ein flott påskeferie folkens, gå mykje på ski og nyt både påskelam og egg!

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s