Toppidrettsveka 2015 – ein opptur!

IMG_2482

Kentaro, Mikael, Andrew, Sivert, Rune og Runar på toppen av Fonna tysdag kveld.

Det var med ein viss grad av spenning me sette oss i bilane tysdag morgon i førre veke for å køyre til Toppidrettsveka 2015. For fyrste gong sidan me starta opp i mai skulle laget ut og konkurrere, og motstanden kunne ikkje blitt større. Norge, Sverige, Frankrike, USA, Canada,Tyskland og Russland stilte med mange landslagsløpere, og Team United Bakeries samt Norges skiforbunds satsingslag Team Veidekke kom med profilera løparar med høge ambisjonar.

Dei som deltok for Team Synnfjell var:

  • Runar Skaug Mathisen
  • Kentaro Ishikawa
  • Sivert Bergan
  • Mikael Gunnulfsen
  • Rune Malo Ødegård
  • Andrew Young
  • Eivind Klemoen
IMG_2566

Før start i Trondheim laurdag.

Nokre lurar på kvifor me drar på toppidrettsveka, er utbyttet betre av å vere med her enn å holde seg heime og trene normalt? Mi meining er at det er det. Blant årsakane eg kan trekke fram er at me får konkurrere mot andre løparar enn dei me møter på trening til vanlig, me får ein klar pekepinn på kor me står sportslig og det er god trening også mentalt å vere med i konkurransar med trykk og merksemd som her. Totalt er dette god trening til blant anna NM del 1 som er våre viktigaste konkurransar.

Tysdag og onsdag var normale treningsdagar med springetur opp der motbakkeløpet skulle gå torsdag, og rulleskiturar med fantastiske forhold.

Me budde på Statoils anlegg på Tjeldbergodden, og her var det veldig bra tilrettelagt med enkeltrom, god mat og godt tilrettelagt for idrettsutøvere.

Konkurranseprogrammet for Toppidrettsveka 2015

  • Torsdag: Motbakkeløpet Fonna opp 5,2 km og 692 høgdemeter, Tjeldbergodden
  • Torsdag: Sprint klassisk, Aure
  • Fredag: 13,5 km skiathlon, Knyken
  • Laurdag: 15 km jaktstart, Trondheim

Me har som mål å ha 2-3 løpere topp 30 i NM, Skandinavisk cup og Norges cup til vinteren, og for Toppidrettsveka håpa me på noko av det same sjølv om nivået var vel så høgt her.

Våre beste resultater blei:

Fonna opp:
23. Eivind Klemoen
39. Andrew Young

IMG_2499

Runar kjempar seg til topps på Fonna!

Sprint Aure:
11.Mikael Gunnulfsen
30. Andrew Young

IMG_2514

Andrew etter kvartfinalen i Aure.

Skiathlon:
4. Mikael Gunnulfsen
30. Eivind Klemoen

IMG_2540

TV-tid i Knyken…

Jaktstart:
5.Mikael Gunnulfsen
29. Runar Skaug Mathisen

Som de ser hadde me to topp 30 på tre av fire øvingar, og fire ulike utøvarar stod for desse plasseringane. Det er me nøgd med!

IMG_2562

Mikael inn til 5. plass i Trondheim!

Fullstendige resultatlister: http://www.toppidrettsveka.no/resultater

Me tar med oss erfaringane frå Toppidrettsveka inn i dei siste månadane med trening før sesongstart.

Til slutt vil me takke arrangøren for eit formidabelt arrangement, me kjem tilbake neste år!

IMG_2520

Andrew testar vår nye restitusjonskarusell mellom prolog og heat i sprinten. Denne kjem me til å ha med oss på renn til vinteren. Assistenttrenar Petter Blindheim er fartsholdar.

IMG_2567

Spanande på indre bane under innspurten i Trondheim. Underteikna i oransje til høgre.

IMG_2587

Jostein Hestmann Vinjerui

Trenar Team Synnfjell

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s