Beitostølen 2015

SONY DSC

Runar Skaug Mathisen (45) og Eivind Klemoen (65) på 15 km klassisk fredag

Opningshelga på Beitostølen er historie, og me kan sjå tilbake på ei helg med mykje positivt. Men det er også områder me ynskjer å verte betre på, så her er det berre å stå på framover for heile teamet!

Fredagen vart veldig positiv med 13. og 14. plass til Mikael og Andrew samt ein solid 45. plass for Runar. Resten av helga nådde me ikkje måla våre om å kjempe om plasseringar topp 30, men avstanden fram er det fullt mogleg å ta att til seinare renn.

MG_1

Mikael i TV-ruta på NRK 🙂

Me har fått på plass eit solid smøreteam anført av Lars Fossedal og fasilitetane deira er betre enn nokon gong med eigen smørevogn og ny varebil til teamet frå Gustavsen bil på Gjøvik.

SONY DSC

Smøresjef Lars in action

Konklusjonen etter helga er at me i Team Synnfjell har vist at me er gode nok til å kjempe om gode plasseringar i vinter, og me ser allereie fram mot neste sverdslag på Gålå om to helger.

Under finn de nokre fleire bilete frå helga.

So long!

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s