Skandinavisk cup i Vuokatti

IMG_3504

Før me i Team Synnfjell kunne ta joleferie, tok Rune, Runar, Mikael og underteikna ein svipptur til Vuokatti i Finland for å gå Skandinavisk Cup. Etter gode resultat for teamet både på Beitostølen og Gålå, var gjengen klare for å bite enda meir frå seg i desse viktige renna. Etter tolv timar reising på onsdag, og siste forbredelsar på torsdag, var me klare for å bite frå oss fredags morgon. Då sto 15 km klassisk enkeltstart på programmet. Mildværet og regnet hadde slått seg ned i Nord-Finland, men arrangørane hadde likevel fått til ein kjempefin trase (her har norske arrangørar noko å strekke seg etter, for det var betre her enn tilsvarande i Norge). Mikael hadde store forhåpningar denne dagen, og desse fulgte han opp då han kom inn som nummer 13, og karrierebeste i Skandinavisk Cup. Rune fulgte opp med ein fin 20. Plass, og fortsette den gode formstigninga etter ein litt trå sesongstart. Underteikna fekk også kjenne litt på formstigning med ein godkjent 46. Plass, mens Runar var tilbake frå sjukdom, og kom inn til ein 54. Plass.

 

Dagen etter stod det Sprint Skøyting på programmet. Dette skulle bli ein god dag for meg, men eg klarte praktstykket å tryne i prologen (2. gong i år), og då var det rett ut. Resten av gutane hadde heller ikkje den råe dagen, og ein litt skuffa gjeng måtte gå i dusjen alt for tidleg, utan å ha fått lov til å leike med dei store gutane. Alle var derfor veldig lada for å gå styggfort på søndagen, då stod det 15 km skøyting på programmet.

IMG_3505

Mikael beviste for seg sjølv og alle andre at han kan hevde seg i skøyting med ein 27. Plass. Rune, Runar og underteikna hadde ikkje den gode dagen ein må ha for å prestere topp-30, og plasseringane blei hhv.. 38, 70 og 51. Personleg var ikkje dette slik eg ville ha avslutta førjulssesongen, men med litt stang ut og ikkje den gode formen, så er det vanskeleg å hevde seg heilt der oppe.

 

Me må likevel ta med oss at me er i nærleiken av målet av å ha to stk. topp-30 i kvart renn. Mikael gjer ein strålande innsats, og han er bare å strekke seg etter. Dessutan gjorde støtteapparatet ein strålande jobb med skia, og alle saman hadde strålande ski heile helga. Ein takk til Jossi, Roy (pappa Malo) og vår finske venn Jonas.

 

Søndag blei likevel ein stor merkedag for Team Synnfjell, då vår kjære brite, Andrew Young, gjekk seg inn til 4. Plass i prologen i verdscupsprinten i Davos. Han blei tilslutt nummer 9, noko som var hans fyrste semifinale i verdscupen. Ein kjempeprestasjon, og eit rått løp. Inspirerande å sjå at ein me trenar mykje med, og til tider klarer å halde fylgje med, er så god.

 

Sjåast i Östersund.

 

GOD JOL J

 

Eivind Romberg Kvaale

 

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s