Aside

Historisk god sesongstart!

SONY DSC

Del 1 av sesongen er over og Team Synnfjell kan summere opp med at laget har hatt sin beste sesongstart gjennom tidene!

3. plassen til Andrew Young i WC Toblach er det sjølvsagte høgdepunktet, teamets fyrste pallplass i WC! Men me har også hatt mange jamnt gode plasseringar ellers.

Beste resultat så langt i sesongen:

  • 3. og 9. plass i WC
  • 13., 20. og 27. plass i Skandinavisk cup
  • 13. og 14. plass på Beitostølen
  • 14., 25. og 28. plass i Norgescupen på Gålå
  • 4. plass i den svenske sesongåpninga i Bruksvallarna

IMG_3484

Målet vårt er å vere sterke nok til å konkurrere med regionlaga om gode plasseringar bak eit meget godt rekruttlandslag, og i enkeltrenn har me vore fullt på høgde her.

Sesongens fyrste renn på Beitostølen var til dømes meget solid då me var det beste privatlaget foran profilera team som Lease Plan, United Bakeries og Santander.

MG_1

Det fyrste målet etter nyttår er Skandinavisk cup i Østersund før me drar til årets store hødepunkt: NM i Tromsø! Begge stader ynskjer me å kjempe om plasseringar topp 30 og betre.

Til slutt vil me ynskje framleis god jol og eit godt nytt år til samarbeidspartnerar og de som fylgjer oss.

Spesielt takk til:

Gamlestølen, Sport1 Lillehammer, Eiendomsmegler 1, Original, Swix og Gustavsen bil AS.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s